tirsdag 26. april 2011

Strandebarm 2011+

BYGDEMØTE: STRANDEBARM 6.mai 2011 - Ny info. og Ny kveik!
Strandebar 2011: ajourført 26.04.2011 kl.1430

Alle er hjarteleg velkomne til eit kveikande bygdemøte 6.mai 2011 kl. 18 - 20!
Møtestaden denne dagen er Strandebarm Sportell http://strandebarmsportell.no/

Hovudtema:

Korleis kan vi få til auka økonomiske aktivitetar og endå større trivnad i Strandebarm og grendene ikring?

Innleiarar:

Dag Jørund Lønning- Rektor på Høgskulen Landbruk og Bygdeutvikling http://hlb.no/

Føreløpig tittel: Å verdiskapa eller bli verdiskapt?

Hordaland Fylkeskommune, Næringsavd. v/ Ole Øvretveit
Innovasjon Norge: navn vert klart med det første. Ref. kont.person Per Arve Frøyen
Kvam Herad v/ næringssjef Jan Tjosås +
Sparebanken Vest - Er nyleg invitert - ventar på svar.

Meir aktuell informasjon vil verta lagt ut på den nyetablerte nettstaden http://hardangertorget.com/

Hugs å merke av på kalenderen og møt fram!

Lørdag 7.mail 2011kl.10-13 tek vi sikte på å arrangere OPE HUS på den potensielle, nye
Regionarenaen i Strandebarm! Denne vil kunne bli utgjort av den nyleg utfasa bygningsmassen til Strandebarm barne- og undomsskule.
Dette kan bli vår nye næringsrelaterte fellesarena! Denne kan klart vise seg å kunne bli til stor gagn!

Send oss gjerne tilbakemeldingar, innspel og idear! Bruk gjerne denne bloggen, eller SMS/telefon.

Stikkord:

1. Strandebarmsbåten: Kan det å nytte impregnerte materialar vera ein fornuftig innovasjon?
2. Hardangersaum: Dette er klart ei kulturbasert topp vare!Kan kurs og sal på Hardangertorget vera ein aktuell tanke?
3. Ein spanande leikeplass for ungane og ein hyggjeleg, uformell samtalekrok for dei vaksne, ville vel kunne
 bli til trivnad for mange?
4. Eit lokalt "bondens marked" ville vel kanskje fungere bra? Jamfør sal av varer som frukt,saft, hjort- og
villsaukjøt mm.
5. Fortset lista her:


Mbh
ad-hoc gruppa Strandebarm 2011+/Alf H. Brekke-91894757